mandag 25. august 2008

Thailand innfrir! :)

Hei igjen! Lenge sia sist, og det må vi berre få beklage. Over 2 veke har gått sidan sist, men vi har opplevd mykje på dei to vekene.

Når vi trudde enden var nådd når det gjaldt mat her i landet, viste det seg at der tok oss jaggu feil. På kjøpesenteret Carrefour, 5 minutt unda hotellet, skulle det vise seg at dei hadde både det eine og det andre. Skikkelig jordbærsylte, nysteike, GROVbrød, Wasa knekkebrød, skikkelig ost, i tillegg til eit rikeslig utvalg i frukt og grønt. Paprikaen og agurken vart funnen! Gleda i flokken var stor.

Videre i matveien har vi blitt enda flinkere til å utforske. No har det gått 2 veke sidan vi var på Mc’ern, og vi har blitt svært glad i fried rice med ymse tilbehør. Kan blant anna nevne blekkspurt (berre Maria), reke, kylling, biff og grønnsaker. Nam! Til tross for det forrige fryktinnytande møtet med nudlane her, har vi sakte men sikkert bynd å prøve oss på den igjen. Hittil har det berre gått bra.

Etter at første, skikkelige skuledag var undagjort var det nok en gong klart for en fridag. 12. august har nemlig dronninga bursdag, og dermed var det Morsdag i Thailand. Sidan monarkiet nesten kan regnast som helligdom her, vart denne dagen sjølvsagt nasjonal helligdag og fridag. Greit for oss! Tilstandane kan nesten sammenlignast med OL på Lillehammer. Som bilda illustrerer, er dette stort for thaiane.

I leiligheta gjeng ting som det susar. Etter 2 veke utan å vaske klede, kan det seiast at klesforbruket merkast. Vi vart nødt til å teste ut vaskemaskina (litt skeptisk). Først fekk oss ikkje maskina til å fungere, vi skrudde og vridde men ingenting funka – berre vatne. Då fann vi ut at ditte var ei perfekt anledning til å teste ut den 24 timers resepsjonen/servicen vår. Vi ringte ned til resepsjonen for å få hjelp, og nesten før vi fekk lagt på røret kom en liten handy-thai-man på døra. Han marsjerte ut på bakverandan (der maskina står) og det første han gjorde var, jo, å putte i kontakta. En skikkelig a-ha-opplevelse kan enn seie. Men det viste seg at maskina var gåend likevel. Så innen 5 min fekk vi ei ny maskin på dør. Så no har vi fått i gang klesvasken.

Som vi nevnte i første bloggen var fargen på gardinene våre særs uheldig (les: rosa). Etter tips fra amerikanarnaboane, gjekk vi fint ned i resepsjonen og sa i fra at vi gjerne ville ha en anna farge. Nokre få dagar seinere kom 4-5 servicedamer på døra og skulle bytte dei. Atmosfæra i leiligheta er som ny.

Kino opplevelsane i Bangkok har hittil vore heilt toppers.Og bedre skulle det bli. Vi skulle på 3D-kino. Filmen vi endte opp med å sjå var A Journey To The Center of the Earth og vart ein heilt fantastisk opplevelse. Filmen kan seiast å være av karakteren fantasy/fiction/komedie, med fleire sprelske monster som kom, nesten bokstavlig talt, hoppande ut av lerrete mot oss. Vi hylte og skreik opptil fleire gonga. Håpe på at ditte kjem kjapt til Norge!

Etter nesten 2 veke i byen tenkte vi det var på tide å sjekke ut den velkjente og populære backpacker metropolen Koa San Road. No har vi fått sjekka ut denne gata både på dag- og nattestid. På dagen, som natta, florera gata av bude, småsjappe, hotell, restauranta, gatesellera og tuk-tuka. Vi kjem garantert til å stikke tilbake dit, for meir shopping. Nattestid kjem eit yrande natteliv til syne. Pubs, diskotek av sjanger club, house, dance osv, og mange mindre bara. Innkastera over heile gata, som har haugevis med kupongar og dele ut til både kjekke og tvilsomme aktiviteta. I ei sidegate til Kao San fann vi oss en liten salong som utførte alt fra massasje til pedikyr. Vi bestemte oss for å prøve pedikyr og manikyr behandling, som vi endte opp å betale 50 kr pr. pers for. Men alt har sin pris, resultatet såg ganske fint ut til å begynne med, men etter nokre tima viste behandlinga sitt sanne ansikt. Men, men – vi hadde nå prøvd det ut.

Ei svensk jente som vi har blitt kjent med her nede, Lisa, vart med oss til Kao San. Historia til korleis vi vart kjend med ho er ganske artig. En av dagane første skuleveka, møtte vi på ei søt lita, taus i heisa. Ho skjønte fort ka vi snakka om å spurte om vi var norsk. Ja, det var vi og vi hørte på ho at ho var svensk. Då vi fortalte ho kor vi kom i fra, vart stemninga straks litt anna. Ålesund, jo det visste ho kor var. Det var berre nokre tima fra der ho hadde tilbragt 4 måneda med jobbing for 4 år sidan. Åh, sa vi og lurte på kor ditte var. Jo, ho hadde jobba i Geiranger. Merete var då ganske snar med å sei at ho kom fra Stranda, og det visste Lisa selvfølgelig godt kor var henn, og kjende blant anna ei rødhåra, som ha jobba i Geiranger saman med ho. Det viste seg ganske fort at dette var Birgitte Skarbø. Strander og god venninde av søskenbarnet til Merete på Stranda. Verda er jaggu ikkje stor!

Dei siste 2 vekene har véret vore godt over normalen, på denne tida av året. Regnet har for det meste haldt seg til kvelds- og nattestid, noke som he betydd basseng- og solingstid. No kjem brunfargen sagt men sikkert, og det gjer både kropp og sjel veldig godt. Men finevéret har ikkje hindra oss i å fått ei lita sjuke. Air condition og våte hår rundt leggetid, blir det såre halsa og tette nasa av. Tendensen er gjennomgåande for heile hotellet. Til å med våre amerikanarnaboar hadde fått det. Men vi visste råd – Ibux. Vi sendte med storebror Amerika pillera, av ekte norsk kvalitet, over gangen for å pleie lillebror. Disse skulle vise seg å fungere utmerka, for då vi kom heim fra en shoppingrunde dagen derpå hang dinne lappen på døra:

”To my esteemed friends in 1802. Thank you so very much for your thoughtful gift to ease my sickness. The pills (Ibux) worked wonderfully. How ever shall I repay you? As it is, thank you once again. – Edge”

Kjekke og takknemlige naboar, kan enn seie. Andre meldingar vi mottek fra våre naboar i vest, brukar å være av den djupe og filosofiske sorten, som vi ikkje skjønar snurten av. Artig har vi det i alle fall med å lese meldingane.

Shopping er fin og ha som et trøstemiddel etter dei ”harde og lange” dagene på skulen. Men vet har vi og blakk er vi langt derifra. Suam Lum, som er eit nattmarked i sentrum, har vi besøkt. Og pruting har vi fått smaken på. Vi pruta ikkje på ikkje 100-lappen, men på kronestykka – sunnmøringane som vi er. For eksempel, om vi får beskjed om at dei skal ha 400 baht, er vi lynsnar med å seie 200! Altså prisforskjellen er 30 kr. Denne gangen vart det ein dårlig deal, der vi gjekk derifra 250 baht fattigere. Heile 41 kr for en kjole. RAN!

Det er dog ikkje berre shopping som foregår her i Bangkok. Vi er jo her for å gå litt skule med. Og her går det kjempebra, for oss. Våre kjære thai-medstudenta har ein oppførsel ganske ulik den vi er vande med. Dei prata og gnell, stortsett gjennom heile timane. Og lærerane ser ikkje ut til å bry seg minneverdig om det. Dei er heller meir opptatt av at studentane skal ”weat proper school uniform, please. Naha!” Naha (med skikkelig nasal, gnålelyd) er nemlig et oppdikta thaiord som mange, også lærera, brukar ganske ofte mellom mange engelske ord. Kan blant anna nevne en time i Public Relations, der foreleser presterte å seie NAHA! Heile 23 ganga på 5 min. F.eks. slik: ”When you come to school.. naha.. Wear proper school uniform.. naha, thank you, please, naha!” Imponerande!

Ellers trudde vi at vi hadde fri kvar torsdag. Der tok vi feil. Vi har én time med thai fra 16:40 til 17:50, men Jet lika å ta tidlig helg, noke han ikkje er aleine om. Er vi svolten når vi er på campus er ikkje dette noke problem. Her er det mat i alle variantar, og prisen vi betalar er maks 10 kr. Vi, som studenta OG sunnmøringa, held vi oss til ca 4-5 kr pr lunsj.

Første gang vi møtte en elefant, var dette ganske spennande. Men desse har begynt å dukke opp på dei merkeligaste plassa, f.eks med restauranten til hotellet kom han spankulerande med eigaren sin, der vi fekk mate han. Dette syns vi alle var kjekt (Karoline var i ekstase)! Andre eksotiske dyr vi har sett er mange gekkoar, eller bittesmå, søte øgler. En anna ting som har overraska positivt er at vi berre har sett 3 kakerlakker sålangt (bank i bordet).

Høgdepunktet dei siste 2 vekene var weekendturen vår til Koh Samet. Reisefølget var fra fleire nasjona, 7 jente og 3 gutar fra Norge, Østerrike, USA, Mexico og Finland. Kl. 0700 reiste vi fra Ekkamei busstasjon i Bangkok, med sikte på Rayong. Etter ca 3 tima i buss, ankom vi Rayong. Der tusla vi oss ned på piren, og hoppa i en speedboat. 10 minutt seinere, trakka vi i land på kritt kvit sand, og azur blått hav. Vi var komt til paradis! Hittil ha reisa kosta oss ca 100 kr (tur/retur). I det vi trakka i land sprang Mr. Mexico av stad på jungelsafari, og vi hverken såg eller hørte fra han, før en time før oss skulle retunere til Bangkok.

Men vi andre kosa oss på stranda Ao Phai, på bungalow hotellet Silver Sands. Bungalowen var kjempeskjønn, med 2 doble senger og eit heilt ok bad. Dette betalte vi herlige 100 kr pr pers, per natt. Vi fekk seinere vite at dette var det dyraste ”hotellet” øya hadde å by på. Her tilbragte vi 3 herlige dagar med bading, soling, god mat og drikke. Det var deilig å komme seg ut av bymaset i Bangkok.

På Koh Samet er kvar dag ein fest, og unnskyldingar for å drikke finst i bøtter og spann. Fredagskveld var det duka for Ladies Night, lørdagskvelden var det Half Moon Party (det var faktisk halvmåne) og søndag var det klart for Cheap Chalie’s (merk at R’en manglar) Night.
Kvar kveld var det også eit forrykande fireshow. Der små thaiar for å svaia rundt med ildkuler og ildstenger. Underhaldande! J På øya møtte vi også en av lærerane på BUIC, nemlig finnen Annti. Etter en liten prat med han, fekk vi vite at Koh Samet var yndlingsplassen hans å reise til i Thailand. Han kunne fortelle at han hadde meir enn 30 turar bak seg, til tross for sine 31 år.

Etter 3 dagar på Koh Samet, og dermed 3 dagar vekke fra Bangkok, kjende vi utrulig nok lengselen heim igjen til Boss Tower. Så det kan trygt seiast at oss he begynt å få ein heimefølelse når oss er her på Boss. Og deilig var det å komme tilbake. Etter 3 dagar med haugevis av inntrykk og opplevelsar var det igjen 3 trøtte tause som gjekk til sengs i går kveld, og dermed ingen bloggskriving som vi hadde lova mange.

I dag har vi vore på skulen igjen, og når vi kom heim hadde vi nokre supereffektive timar med masse studering. Deilig å ha komt skikkelig i gang!

Håpe bloggen veg opp mot ventinga!

Kapong kà! (Takk på thai, om du er jente)
Stor nattaklem fra jentene på Boss Tower!

søndag 10. august 2008

Første skuledag

Då var den store dagen komen, og kvardagen i gang! Fredag sto vi opp tidlig, og med lite søvn og sommerfugla i magen tusla vi oss nervøse avgårde til første skuledag. Vi hadde fått beskjed med Pennepar Kanthawongs, studieveilederen på skulen, at vi skulle møte 08:45, og skulle da ha god tid til å skaffe uniformer osv og være klar til orienteringsmøte kl 09:00. Smarte som vi var, tenkte vi hakke lenger - i Bangkok har ting en tendens til å litt lengre tid enn planlagt (språksperrer m.m.). Så vi var på skulen 08:20. Sirkuset var i gang! Trur dokke vi kom for seint? JA! Å skaffe tilveie skjorte, belte, pins og knappar i tillegg til å gjere alt klar til bruk og få det på seg tok MYKJE lengre tid enn planlagt. Men kl 09:10 ankom 3 svette, forkavne jenter ett fullstappa auditorium. Heldigvis var vi ikkje dei siste.


Den blidaste thaien vi har møtt hittil, var den som leda møte an. Thaien, som vi ikkje huska navne på, hadde likhetstrekk med en smurf. Liten, søt, ivrig og kjempeblid. Han og Pennepar (som viste seg å være ei dame) fortalte forholdsvis kort om reglement, skikk og bruk på skulen. Noko vi merka oss då vi satt i salen var kor deilig det var å høre folk snakke skikkelig engelsk. Vi var definitivt komt til en amerikansk, internasjonal skule. Fleire i lærerstaben er amerikanarar, inkl. vise presidenten som er en kjempetrivelig eldre mann, noko som det latar til at resten av staben også er.

På møte fekk vi vite at skulen, både campen vår (BUIC) og Rangsit Campus (nasjonalt universitet), har et totalt studentantall på ca 28.000. På BUIC-campen er der omlag 300 internasjonale studentar, fra ca 20 land. I kullet vårt var antallet internasjonale ca 80. I denne gjengen fann vi amerikanerar, tyskera, østerrikera, hollendera, svenska, finna, bengalera, japanesera, kinesera, mexicanara, brita, indonesera, philipinera, taiwanera, koreera, indera, franskmenn, og folk fra Monaco. Desse skulle vi bli meir kjent med neste dag, lørdag. Då skulle heile bønsjen på tur til den andre Campen.



Etter orienteringsmøte og lunsj tenkte vi utifra dagens agenda, at no var dagen over. Vi satt oss derfor tilrette ved en av skulen sine cafeteriar og skulle fylle ut nokre skjema. Men det tok ikkje lange tida før en forvirra fadder stoppa opp utafor vinduet der vi satt. "Oh, there you are! You have to get registered!" Vi tre ser på kvarandre som spørsmålstegn og skjønte ikkje bæra. Men pliktoppfyllande som vi er fulge vi etter fadderen. Då vi kom opp på registreringsrommet i 4. etasje var resten av gjengen samla, og vi i kjent stil - 10 minutt forseine!
Inne på registreringsrommet skulle vi fylle ut kva fag vi ønskte og ta, og kva dag vi ville ha dei på. Vi diskuterte litt fram og tilbake med både oss sjølve og lærerane, om at vi allerede var registrerte, då vi hadde fyllt ut haugevis med skjema på Høgskulen i Ålesund. Men det viste seg at jobben ikkje var gjort, vi måtte registrere oss og våre fagønske. Papirarbeidet som fulgte har vi aldri vore bort i tidligare. Når vi trudde vi var ferdig med utfyllinga, kom det stadig fleire ark. Men arbeidet resulterte i at time planen vår ser slik ut:

Mandag: 11:20 - 13:40 Modern Presentation Techniques
Tirsdag: 11:20 - 13:50 Intercultural Studies
Onsdag: 08:40 - 11:10 Thai for Foreigners, 14:00 - 16:30 Public Relations Management 16:40 - 17:50 Cultural Knowledge and Negotiation
Torsdag: FRI
Fredag: FRI
Lørdag: FRI
Søndag: FRI!! :D :D :D :D :D :D

Fleire av desse langhelgene kjem vi til å bruke til å oppleve og reise rundt i Thailand, noko som alle lærerane oppfordra sterkt til.

Lørdagsmorgon var det klart for tur til Rangsit Campus, thaidelen av Bangkok University. Allerede på bussturen begynte vi så smått å komme i kontakt med folk. På Rangsit Campusen vart vi først tatt med på ei lita omvisning. Universitete ligg i ei heilt fantastisk, idyllisk atmosfære. Nært knytta til naturen og thai kultur. Her vart også vårt første møte med gras og skikkelige tre sidan vi ankom Bangkok. Som dokke kan sjå på bilde brukar vi også ei form for uniform når vi er utafor campus, i skule sammenheng. Desse hadde vi på til Rangsit.


Etter omvisninga var det lunsjtid, og nok et møte med thai-maten. Men til ei forandring vart trenden snudd denne gangen. Vi likte det meste av maten, og vi kunne faktisk sei at det var godt. Då vårt første vellykka møte med thai-mat var over, bar det ut på nye eventyr.

Dei tradisjonelle bli-kjent-leikane sto for dør. Heile gjengen vart tatt med ut på ei digert uteområde der vi skulle danne en stor ring. Her var smurfen sjef igjen - han skulle lære oss å telle på thai. Fra 1 til 6. Det vart noke som ditte: nung, sai, saam, si, ha, hoq (har ikkje lært å skrive det enda). Denne telleleiken vart til slutt brukt til å splitte oss. Så på 1-2-3 var Maria, Karoline og Merete splitta og forlatt til seg sjøl! Men dette kan ikkje seiast å vær noko anna enn kjempepositivt. Vi hadde det heilt fantastisk kjekt alle tre, og vart kjent med ulike folk på kvar vår kant. Etter 6 rundar med bli-kjent-leika, var dagen ferdig og nye bekjentskap stifta, og turen gjekk heim til Boss Tower.
Det viser seg etterkvart at veldig mange av våre medstudenter bor her også, så i går kveld bar det vidare ut på byen med mange av våre nye bekjentskapar. Uteplassområdet RCA vart omsider kveldens mål. Noko som vart en ny opplevelse for oss alle. For det første stimla plassen i halvdrita thaifolk, som har heilt andre danseplassvanar enn heime i Norge. Då vi hadde tenkt oss ut på dansegolve fann vi det aldri. Det viste seg at i Thailand er "dansegolvet" fullt med en halvmeterhøge bord, og desse er plassert på annakvar kvadratmeter. Ikkje berre var desse borda fulle i drikkevarer, men det halvdrita thaifolke sto å småhoppa rundt dei. Noko som gjorde det vanskelig for oss "store" nordmenn å ta oss en svingom.
På veg til å finne taxi når uteplassane stengde, såg vi til vår STORE overraskelse en elefant spankulerande, rett over gata. Kva den gjorde der og kor den skulle anar vi ikkje, men morsomt var det. Tilbake på Boss Tower avslutta vi kvelden med nokre slag UNO, attme amerikanera, østerrikera, tyskera, og en fra Monaco. Etter nokre rundar UNO og søvnige blikk, skjønte amerikaneren at vi mest sannsynlig hadde lyst å "hit the bed". Det hadde han heilt rett i. Så i halvsøvne takka vi for laget, å spankulerte oss over gangen tilbake til leiligheta.
I morga, mandag, er det tid for første skuletime med Modern Presentation Techniques! Vi er spent!

Tusen takk for alle kommentara!

Stor klem fra oss:)

torsdag 7. august 2008

Testkjøring - Bangkok!

Søndagsmorgen (les ettermiddag) kl 14:45 slo 3 utsøvne jenter opp auene på Boss Tower, Bangkok. Jet-laget var merkbart kan enn seie. Med halve dagen undagjort med søving, virka et (morgon)bad som en god idé. Det var nemlig sol, og særdeles herlig temperatur. Det neste vi hadde bestemt oss for var å utforske shoppingmulighetene i byen. MBK, som vi hadde lest var et shoppingsenter på 8 etasjer og ca 2000 større og mindre butikker, vart dagens mål. Då vi omsider fann ein taxi som visste kva vi meinte, bar det avgårde.

Det som møtte oss da vi nærma oss, var ut
afor vår fatteevne. Amfi Moa blir lilleputt i forhold! Ikkje nok med at der var MBK-senteret med sine
2000 butikkar - i samme område, Siam Square, 3 nye STORE kjøpesenter. Siam Discovery og Center Siam med vanlige butikkar som Nike, Mango, Crocs og the Body Shop, i tillegg til Siam Paragon med alle dei verdenskjente designermerka som Valentino, Hermés, Gucci og Dolce&Gabbana. Vi hadde funne shoppingmekka! På Paragon vart det mest kiking og drøyming, mens på dei to andre sentera fekk vi gjort vår del shopping på ei stund.

Dei siste dagane har turen stort sett gått til Siam Square, og vi har enda ikkje komt over alt som er der. Men vi har prøvd litt forskjellig. I toppetasjen på vertfall 2 av sentera fann vi kanskje dei beste kinoane vi noken gang har vore på. Topp lyd, bilde og ikkje minst sete. Nærmare Stressless har ingen av oss vore i kinosammenheng. Og når kinobilletten ligg på 15-20 NOK pr. pers, er det nok ikkje siste gangen vi var på kino i Bangkok.





Sentera florera i forskjellige spa og massasje-sjapper. Dette måtte vi teste ut. Så langt har vi prøvd bl.a. fotmassasje, noke som skulle vise seg å være heilt fantastisk! En time med knaing for 50 lettbetalte NOK. Etter den fantastiske behandlinga under fotmassasja, turte vi oss ut på ei thai-massasje. Dette skulle vise seg å utarte seg til noko som ligna meir på en 45 minutts brytekamp, enn massasje. Kan til nøds sammenlignast med en kiropraktortime. Gjekk der i frå meir støl, enn når oss kom.



I "kjelleren" på Siam Paragon har dei også eit akvarium - Siam Ocean World. Dette er det største akvariumet i Sør-Aust Asia. Her tilbragte vi ett par timar med Hallvard Hai, Ottar Oter og Pelle Pingvin. En kjempefin opplevelse.






Når det kjem til matproblemet som vi trudde vi hadde, har ting ordna seg en liten grand. Vi har gått for innkjøp av rundstykke, jordbærsylte, nutella, "ost", juice og masse yoghurt. Så frokosten har vi i alle fall i boks. Thai-mat eksperimentering har vi begitt oss ut på, men med heller dårlig resultat. Vi tok et jafs av den forferdelige nudle-kylling-paprika-altformassekrydder-retten, såg på kvarandre, skar ymse grimaser, la pengane på bordet og gjekk der i fra. Svoltne som vi var vart mr. McDonald's redningsmann - for andre gang:)



Etter både thai-mat testing og fotmassasje følte vi oss klar for å smake litt på utelivet i byen. Vi fann et bykart og fann til vår store forrundring - Hard Rock Café. Her åt vi middag, og kosa oss utover kvelden med live musikk og kjempehyggelig betjening. Kl 01:00 viste det seg at dei fleste uteplassane stenge, så etter ei vel utført night out bar tilbake til leiligheta.



I skrivande stund er det leggetid. For i morga blir en stor dag for oss her nede - nemlig FØRSTE SKULEDAG! Vi fekk en hyggelig og engelsktalande taxisjåfør til å vise oss vegen til skulen fra hotellet, og fekk sett skulen live for første gang. Førsteinntrykk: Bra! Dette blir spennande!


Vi kjem sjølvsagt til å komme tilbake med oppdateringa om korleis første skuledag har gått, korleis medstudenta, lærerar, skulen, systemet og alt er. Vi er garantert meir spent enn dokke heime!
Kjekt at dokke kommentera!:)
Stor klem fra 3 spente, første-skuledag-jenter!!

lørdag 2. august 2008

Forventninger vs. Førsteinntrykk

En gang rundt mars-februar i år, bestemte vi, Karoline, Maria og Merete, oss får at Thailand og Bangkok, skulle bli opphaldsplass det 5. semesteret vårt av bachlorgradane våre. Langt vekk, noke heilt anna, og ein stad få andre hadde studert ved tidlegare var det vi ønska oss. Skulen vi skal studere ved er Bangkok University International College, og er ein amerikansk internasjonal skule. Her skal vi spesielt bygge videre på internasjonale studier og kulturforståelse.

Kvar byen og landet låg, ca antall innbyggera, prisnivå og klima, var stort sett det vi visste før vi reiste. Antall innbyggera i Bangkok er ca 10 millioner, men varierer alt etter døgnets tider. Luftfuktigheita i byen ligg på nesten 60 % som er betydelig høgere enn heime i Norge. 1 NOK tilsvarar ca 6 thailandske baht.

Endelig var dagen, 1. august komen. 3 reiseklare jenter møttes på Gardemoen, med store forventingar og reisemagen sneik seg innpå. Til tross for forskinkelsar og heroisk spurting på flyplassen i Helsinki, havna vi i Bangkok 9 tima å 47 min seinere. Flyturen gjekk fint og vi hadde ei behagelig reise.

Da vi landa på Bangkok International Airport med bagasje og ryggsekk i havn, ante vi ikkje neste steg på reisa. Diskusjonen buss vs. drosje roa seg forholdsvis kjapt då vi omsider, fann taxikøa. Vi stilte oss i ei lita kø med uniformerte menn, for å få taxi, men en hyggelig uniformert mann kom smilande mot oss å forklarte at vi sto feil. Vi sto i køa der taxisjåførane fekk utdelt passasjera. Første bommert! Men vart fint geleida i den 20 meter lange passasjer køa. Etter kanskje 5 min i kø vart vi stua inn i en taxi og skulle no til vår nye heim dei neste månadane, Boss Tower (BT).

I løpet av turen til BT foregjekk det mykje rart oppi hauda våre. Kontrastane sto i kø for å møte oss! Det første var varmen, lukta og fuktigheita som slo mot oss da vi gjekk ut av flyplassen. Ingen av oss visste at thaifolket kjørte på hi sia ta vegen! Dess nærmare vi kom sentrum, dess meir forvirra vart vi. På eine sida ta gata kan det være marmorbelakte entréar og trapper til høgbygg og kjøpesenter som Carrefour og Tesco, mens på andre sida trehus uten særlig rennovering det siste hundreåret - også kalt rønner.

Vel framme på BT vart engelsken for alvor tatt i bruk. Men det resepsjonistane kunne var vel heller lite å skryte av. Etter mykje fram og tilbake og endelause repitisjonar, fekk vi betalt og utdelt nøkkel til leiligheta. Det første som møtte oss var vel eigentlig det nærmaste du kan komme et red light district. Et lys som skar seg gjennom marg og bein møtte augene våre. Men takk og lov - det var berre dei knallrosa gardinene som var dratt for. Dette ordna vi på FORT! Ellers er den 94 m2 i god stand.

Når vi hadde fått innstallert oss sann nogen lunde skulle vi ut på matjakt. Etter stanka fra frityrstekte froskelår og fiskeinnvoller steg etter steg, vart kvalma meir gjeldande enn matlysta - men mat må man ha! Gleda var derfor stor da eit McDonald's skilt viste sitt herlige åsyn rundt et gatehjørnet. Fremmad marsj! Der kjøpte vi 3 stk BigMac meny til den nette pris av 330 baht eller ca 45 norske kroner. JA! Det er billig her!

Ellers har vi vore å handla litt i dag og blitt litt kjent i nærområdet. Vi har også testa ut det herlige thailandske ølet Singha! nam nam! Har kosa oss i dag, men har vore slitne etter den lange reisa. Derfor har vi no tenkt å finne senga!












Dokke vil høre meir fra oss seinere!
ราตรีสวัสดิ์ - God natt:)
Klem fra 3 trøtte jenter - Maria, Karoline og Merete