fredag 7. november 2008

Go' helg folkens..



Ja då he vi oppdatert dokke på kva vi har styrt på med den siste månaden, vi har som dokke kan både sjå og lese kosa oss masse. No sitte vi ute på altanen vår i leiligheita vår på Boss med kvar si singha i handa. Prata å tyte og er glade for at det er fredag.

Ønska dokke med dette ei strålande helg. Og berre for å informere, til fleire kommentarar vi får på bloggsida vår, til fleire bilde legg vi ut neste gong. Vi vil ha meir kommentarar. 

Dette fungerer slik:
1 kommentar = 1 bilete
2 kommentarar = 2 bilete
Osb..

Ser fram til mange nye kommentarar.. hehe

PS! Kommentarar frå nær eller fjern blir sett like stor pris på.
Helsing Merete, Karoline og -maria-

"backpacker" besøk! :)



Hei igjen..

idag e lykkedagen dokka, fleire blogg innlegg på same dag.. :D

Tenkte vi måtte fortelle om Ørsta besøket vi he hatt her nede, når Maria og Karoline kom heim frå ferieturen sin onsdag 22.okt visste dei at det

kom nokre reiseglade ”backpackera” frå Ørsta nedover til Thailand og Bangkok på fredagen, kva er vel kjekkare enn å treffe kjentfolk. :)

Hans Andre Sørvik og Siv Myklebusthadde lagt ut på reisefot dagen før, og hadde første stopp hos oss, det va vi to veldi glade for.


Møtte dei torsdagen for å oppleve VIP kino, nåke som var ein fantastisk opplevelse (trass dårleg film). Fredagen tok vi litt meir på sparket, enda opp på ein italiensk restaurant der vi kosa oss me det nydelege lokale Singha ølet ;) Fekk prata litt om ting og tang i Ørsta, nyhender og andre interesante saker som baksida på mørenytt. Fekk faktisk overrekt nyaste utgave av mørenytt OG se&hør. Etter nokre Singhas måtte folket ha nattmat, kor ellers enda vi opp enn på McDonalds.


Etter maten skiltest der og takka for besøket. Vi storkosa oss! Ønska Hans og Siv go tur vidare på ”backpacker” turen sin. Grunnen til vi skriv ordet backpacker i klemme sjønar dokke om dokke tek turen innom bloggen deira for å sjå korleis dei reiser. Bor kun på 5 stjerners

hotel. Hehe!

Bloggen deira: www.hansogsiv.blogspot.com

Klem frå

-maria- og karoline

Holy Holidays!

Heihei, alle i hop!

Wow! Over en måned har godt sidan sist vi skreiv. Det har sine grunnar – vi har opplevd MYKJE! Så mykje at om vi skulle ha lagt ut om absolutt alt vi har opplevd, hadde ikkje berre det å skrive bloggen tatt mange, mange tima. Men dokke hadde blitt setande i det vide og det breide med lesing. Ei sammanfatning av dei viktigaste happeningane skal dokke sjølvsagt få. Vi har altså hatt skulefri sidan 27. september, og som vi skreiv i forrige blogg – vi har vore ut på tur! Big time!

Startskuddet med reisinga sto Maria, Lisa og Merete for. Dei skulle til Koh Chang, som ligg sør-aust i Thaibukta. Her hadde dei 5 late daga, på den herlige stranda Lonely Beach. Koh Chang, og spesielt Lonely Beach har ikkje blitt turistifisert i anna enn backpacker-grad, så mas og kjas var så fraværande som det kan bli. Krystallklart vatn og fantastisk fine solnedganga. Maria, Lisa og Merete var så heldige og få med seg 4 av desse unike solnedgangane. Mens Maria, Lisa og Merete var på Koh Chang, reiste Karoline med familie til meir turistifiserte Koh Samui, som ligg sør-vest i Thaibukta.


Koh Samui er ei av dei største øyene i Thailand, og ei svært fine øy, men turismen merkast mykje meir her enn på dei andre øyene. Dei budde på ei flott hotell, og strendene var som dei andre rundt forbi i Thailand, nydelige! Dei ti dagane dei var der gjekk stort sett med til soling, avslapning, snorkletur til Koh Tao og ein Jungelsafari med elefantriding og andre jungelaktivitetar. Dei storkosa se heile gjengen, og samtlige var nok eininge om at Thailand var virkelig eit bra feriemål!

Etter opphalde på Koh Chang, mottak av Tor Johan i Bangkok, og family-time på Koh Samui bar det vidare til Koh Pha Ngan. Heile gjengen skulle være med på det verdskjente Fullmånefesten. Skikkelig fullmåne var det, andre ting var fulle og vi hadde det kjempekjekt. Kunne minne litt om russetreff på Lillehammer. Men som russetida, er fullmånefest mest trulig en once in a lifetime greie, sjøl kor artig vi hadde det.”Stamgjestane” kan tenkast å halde til på Mushroom Hill, og dokke kan nå tenke dokke kva som foregår der. Vi var der ikkje, berre slik det er sagt.

16. oktober bar det vidare igjen, og neste destinasjon var berømte Phi Phi Islands. For en plass! Kan blant anna nevne at på øyene finnst ikkje motoriserte framkomstmiddel. Phi Phi var også nokre av øyene som vart hardt ramma under tsunamien for 4 år sidan. Og til tross for at det er 4 år sidan, bar plassen fortsatt preg av katastrofa. Plassen er under oppbygging. Phi Phi er også ein del meir turistifisert enn f.eks. Koh Samet og Koh Chang. Etter berre ei natt på Phi Phi, reiste Tor Johan og Merete til Phuket for å reise vidare til Singapore. Men Karoline og Maria stayed put. Dei nytte late dagar på Phi Phi Don, og var på dagstur til Maya Bay. Og for dei som ikkje veit det, Maya Bay var hovedstranda i filmen ”The Beach” med Leonardo Di Caprio, og så kalt paradis.

Tor Johan og Merete reiste som sagt vidare for 3 nette i Singapore. Og inntrykket ho set igjen med er ganske ubestemmelig. Det er ein kul by, og det er kjekt å ha vore der, men manglar på en måte ”wow”en. Kjem til å reise tilbake, men byen er en by det er mykje på gang i som truleg ikkje er ferdig på ein 10-års periode. Karoline og Maria på Phi Phi hadde bestemt seg for å stikke ein tur til Kao Lak. Turen endte i at det dei møtte ikkje var som forventa, i tillegg til at véret var dårlig, så dei så godt som snudde på hælen og tok første buss heim til Bangkok.

Når vi snakkar om buss, må vi fortelle litt om korsen vi har komt oss rundt på alle desse plassane. Som til Koh Samet, reiste Maria, Lisa og Merete med buss til Koh Chang. Denne bussturen tok ca 5 timar, så å reise med lokalbussane går veldig greit. MEN når det er snakk om lengre avstanda, som ned til Koh Pha Ngan er VIP-buss stikkordet. Dette er ein 12-timar lang tur. Når Maria og Lisa skulle reise dit hadde dei bestemt seg for å kjøre second class (vi spara der vi kan), men alle dei bussane var fulle, så dei endte opp med en VIP-buss. Tor Johan og Merete kan bekrefte at dette var det beste som kunne skjedd Maria og Lisa. For Tor Johan og Merete hadde bestemt seg for å kjøre VIP, men dei var fulle når dei skulle avgårde. Trangere, varmere, hardere, meir skrøplige bussa må du sikkert tilbake til 70-tallet for å finne. Men dei overlevde – så vidt. Har altså fått smakt litt på backpacker livet, meir eller mindre frivillig.


Då Tor Johan kom på besøk, hadde han med seg den største treaten vi kunne tenkt oss. Vi hadde på forhånd sagt i fra at vi hadde noken ønske ang. pålegg og andre norske spesialiteta, men det som spratt ut av kofferten til Tor Johan var forbi alt vi kunne forestilt oss. 1 kilo med fårepølse, 1 kilo fårepølse, 1 kilo brunost, en heil boks med posjons-makrell i tomat, 15 (?) pakka med min første leverpostei, 2 baconpostei, stor mørkveil, melkesjokolada, kaviar. Dette gilde står mamma Anita for, så en kjempestor takk til ho for å ha gjort frokost-, lunsj- og kveldsvanane våre så godt som norske igjen.


Så no er vi altså tilbake i Bangkok. Kvardag og skulen er godt i gang igjen. Oss har hatt ein heilt fantastisk ferie, og vi har det ganske fantastisk her i Bangkok også. MEN heimlengselen har begynt å gjere seg gjeldande for alle. Og bra er dét! For så mykje som vi prata om Norge, vinter, mat, venna og familie, hadde det blitt ganske trasig om en av oss ikkje var heilt med på leiken. 29. desember og 5. januar er endog ikkje lenge til!




Men kort oppsummert - oss har fått sola oss og bada mykje på fantastisk fine strende, ete mykje god mat på mange kjempekoselige restauranta, hatt det veldig kjekt i lag, og fått sett og opplevd veldig, veldig mykje. Vi håper på forståing når det kjem til å greie ut om alt dette. Er vanskelig å sette ord på alt. Derfor alle bilda!









Håpe dokke ikkje frys ihjel der heime, å om so e kan dokke trøste dokke med at vi held på å renne vekk i varmen! Hehe

STOR klem Maria, Karoline og Merete – trygt heime på Boss.