søndag 28. september 2008

På tide med litt ferie!

Hei alle sammen!

No har det seg slik at vi er ferdig med første delen av semesteret her i Bangkok. Vi har hatt dei 4 gjenståande eksamenane, den obligatoriske eksamensfesten og e no klar til å ta en aldri så liten ferie. Men først - litt oppdateringa.

Igjen glømte vi av noke som he skjedd, som skulle ha vør med i forrige blogg. En dag når vi skulle inn på BU Café, såg vi en litt eldre mann der inne som vi aldri hadde sett på campus tidligere. Hm, tenkte vi og studerte han litt nærmere. Det tok ikkje lange stunda før vi til vår STORE forundring såg kven det var. På BUIC sin cafe, satt ingen ringere enn vår tidligere professor fra Høgskulen i Ålesund - Henry Raymond Norton! Det er vanskelig å seie kven som vart mest sjokkert, vi eller han, men sjokket var vertfall stort! Så resten av fritimane den dagen, tilbrakte vi inne på cafeen i selskap med mr. Norton.

I skrivande stund he Karoline fått besøk av familien, så dei er ute på eventyr i Bangkok. Rundt den 2. oktober reise familien Eikås til Koh Samui for å feriere der. I morga reise Maria, Lisa og Merete til Koh Chang, for ei lita veke vekk i frå bymaset. Vi gler oss! Når vi retunera fra Koh Chang ca 6. oktober, skal Maria og Merete ha en liten presentasjon på skulen den 8. oktober, før Tor Johan (kjæresten til Merete) kjem nedover 9. oktober.

Neste fastsatte dato e 14. oktober. Då skal heile gjengen til Koh Phangan for å delta på Full Moon Party der, attme ca 10 000 andre (ja, vi skal være forsiktige og ta vare på kvarandre). Videre skal vi reise rundt i Sør-Thailand, å berre nyte livet på nokre av verdas sine vakraste strende.

Reise blir den store aktiviteten i fleire veke framover. Skulestart er nemlig ikkje før 27. oktober. Så ja - vi har nesten en HEIL MÅNED med ferie! Som dokke skjønna så bli d vanskelig med bloggskriving dei neste 3-4 vekene. Men når vi kjem tilbake etter ferien, lova vi å gi dokke ei skildring uten sidestykke av kor vi har vore, kven vi har møtt og kva vi har gjort, i tillegg til masse bilder!

Vi er kjempegla i dokke der heime, og ønske dokke (og oss sjølve) ein kjempegod ferie!

Stor(reisesjuk)klem fra oss i Bangkok!

søndag 21. september 2008

Kultur og tuk-tuk-tur

Enda 2 veke har no rasa forbi, i Thailand og Bangkok. Tida FLYG! I skrivande stund he vi besøk av Lisa, fra Sverige. Ho, Karoline og Maria sitt og ser gudane veit ka eigentleg, på TV. En ganske normal søndagskveld heime på Boss.

Noke vi glømde å fortelle om i forrige blogg var, tru det eller ei, eit kjempemarked. Grunnen til at det ikkje vart nemnd, kan berre forklarast med at det faktisk ikkje gjor særlig inntrykk. For all del – om du er interessert i å shoppe for så lite som overhode mulig, har god tålmodigheit og ikkje har klaustrofobi då er helgemarkedet Chatu Chak plassen for deg. Men Chatu Chak vart rett og slett for stort, uoversiktlig og travelt.

Som i nesten alle andre blogginnlegg, må vi også i dette nemne maten og matvanane våre. På Carrefour 5 min unda handlar vi dagligvare ein gang i veka. Då handla vi for heile veka og endar som oftast på en totalsum på ca. 3000 baht, eller altså 500 NOK. I denne summen inngår brød, fleire typar pålegg (skinke, servelat, majones, jordbærsylte, ost), do- og tørkepapir, bollar, brus, knekkebrød, ymse alkohol, 12 x 1,5 liter vatn, juice (eple og appelsin), litt snop og snacks, hårklemme, ymse hygieneartiklar, paprika, agurk, vitamina, yoghurt, Mamma Mia Soundtrack (oppe til høgre på bildet i slutten på bloggen). Ikkje gale prisen med tanke på at vi er tre damer i husstanden!

Som vanleg har vi også hatt noken førstegongera desse vekene. No sto Chinatown for tur. Vi bestemte oss for å reise forholdsvis seint på ettermiddagen. Her viste det seg at vi gjorde en bommert. Nesten alt i Chinaotown var stengt då vi ankom. Gateselgarane var fortsatt ute, men dei er overalt i Bangkok så det vart ikkje så veldig spennande – heilt til vi bestemte oss for å ta tuk-tuk til Kao San. Nok en førstegonger! Karoline, Lisa, Maria og Merete krøpla seg i hop i en tuk-tuk, og avgårde gjekk det. Det skal seiast at tuk-tuk kan virke litt på kanten ta forsvarligheit, men det gjekk heilt fint, og det var kjempebillig. Det var ikkje siste gangen vi skulle ta tuk-tuk i Thailand!

Etter over en måned i Thailand, var det vel på tide og for alvor sjekke ut noken av tempela her. Vi bestemte oss for å ta det største først – nemlig Grand Palace. Denne dagen gjekk det for alvor opp for oss at ikkje alle i smilets land er like kjekke. Då vi gjekk av subwayen (også en førstegang, skal fortelle seinere), sto tuk-tukane i kø for å kjøre på oss. Spesielt ein av dei fekk oppmerksomheita vår, då han virka veldig ivrig då vi drog fram kartet vårt. Han peika og veiva med hendene, og ville virkelig kjøre oss. Men då vi sa at vi skulle til Grand Palace, lurte han på kva i alle dager vi ville der, det var jo stengd. Hmm, tenkte vi og satte mastermindane våre i hop. Tuk-tuk sjåføren virka veldig kjent i byen, og peikte ut fleire tempel og ”thai fashion stores” han kunne ta oss til, for berre 60 baht (10 NOK) så skit au – vi vart med. Første stopp var vi litt uheldige med. Mesteparten av tempelet, Angel’s Temple, var under renovering, men oss fekk no sett litt. Neste stopp skulle vi få være med på en ekslusive Thai Fashion butikk som berre var åpen i ei veke, en gong i året. Då vi kom til plassen var det lite fashion, men masse thaia som møtte oss. Konspirasjonen tuk-tuk-banden og sjappa gjor seg gjeldande. Vi masjerte ut i fra sjappa etter knappe minuttet innandørs, utatt i tuk-tuken og ”Next temple, please?”. Tempelet vi skulle til no var Marble Temple. Her var vi meir heldige. Tempelet var kjempefint. Men igjen var det nokon som skulle motarbeide oss. Denne gongen var det vérgudane. Skyene som etterkvart gav et kraftig regnskyll, gjer seg gjeldande i bildet.

Det vart med desse to tempela denne dagen, så bar det tilbake til subway stasjonen Hua Lamphong. Å ta subway vart en litt merkelig opplevelse, eigentlig. Vi hadde forestilt oss tendensa slik som Skytrain, men der tok vi feil. På stasjonen nærmast Boss, Khlong Toei, som vi reiste fra, var det nesten folketomt. Nesten litt creepy. Vi tenkte kanskje vi hadde bomma skikkelig med rutene, men nei. Vel inne på toget var det vi, og maks 10 andre som var ombord i heile toget. Men subwayen var ein positiv opplevelse, og kosta ca like mykje som Skytrain. Var nok ikkje siste gang vi tok subway, heller.

Etterkvart som vi har entra september, har regntida gjort seg meir gjeldande. Dei siste vekene har det stort sett regna kvar dag, men det er dermed ikkje sagt at det regnar heile dagane. Det er som oftast litt utpå ettermiddagen at regnskyllene kjem. Og då kjem dei skikkelig! Det er ikkje alltid like gale som bildet viser, men ikkje langt i frå. Vi har på ein måte litt haust vi med. Men når oktober kjem blir det sagt at det blir mildere, tørrere og meir sol. JIPPI!

Det kan seiast at oss merka at véret heime ikkje er heilt på topp. Vi møter stadig oftere på fleire nordmenn. Siste gangen var på Skytrain på veg til Siam. Skytrainet stoppa på en stasjon, og vi merka oss (som alltid) når det kjem vestlege ombord. Dei kom nærmere oss, og sette seg rett ved sidan av. Etter ei lita stund begynnte dei vestlege og konversere seg i mellom, og vi vart veldig obs på språket ”Dei e norsk!!” sa vi i munnen på kvarandre. Og dermed var samtalen i gang. Kjekt å snakke skikkelig norsk, og ikkje norsk-svensk, igjen.


Ei veke etter den forvirrande tuk-tuk-tempel-turen, bestemde vi oss for å gjere eit nytt forsøk på Grand Palace. Kl 09:00 laurdagsmorgon reiste vi fra Boss, klare for ’some serious sightseeing’. Denne gangen tok vi taxi, og den tok vi heilt til muren til palasset. Men med det samme vi steik ut av taxien kom nok ein ivrig tuk-tuk-sjåfør/guide. Vi bevegde oss sakte mot palassinngangen, men sjåfør/guiden fulgte etter. ”Where you go?” lurte han på, og vi forklarte stolt at vi skulle sjå Grand Palace. ”Is closed. Is holy buddah day at 12:00 pm, so no entry”. Som dokke veit så skyr brent barn ilden, og lurte ”turista” skyr lureguida. Vi masjerte til inngangen til palasset, saman med mange andre. Palasset var ikkje stengd, hadde ikkje vore stengt noken dag og stengde ikkje før 16:30, kvar ettermiddag. Rett og slett frekt, både mot sitt eige fedreland og oss!

Endelig var vi inne i Grand Palace, som er Bangkok sitt svar på Versailles i Frankrike. Tempela og palassa vi hadde besøkt tidlegare vart barnemat i forhold til Grand Palace. Utan tvil en annerledes opplevelse. Meir gull, bling og glitter skal du leite lenge etter.

En anna førsteganger dei siste vekene er at vi har vore på meksikansk restaurant. Vi veit at veldig mange heime er veldig glad i taco, nachos og lignande, så prøv å forestill dokke nesten 2 måneda UTEN! Vi konkluderte med at dette var en av dei beste matopplevelsane vi har hatt her nede.

Noke vi ikkje har nemnd til no? Hmm.. Åja, hehe. Vi har sjølvsagt gjort noke på skulen, i tillegg til all den andre moroa. Vi har til og med hatt vår første midterm-exam! Og første eksamen var i Thai! Den foregjekk i to delar. Første delen kan samenlignast med ei lytteprøve, der vi skulle svare på spørsmål angåande det som foregjekk på lydopptaket. I første delen skulle vi også kombinere glose, fra thai til engelsk. Berre slik at det er heilt klinkande klart for dokke heime: Nei, vi lærer ikkje å skrive thai på thai (tegn), men thai med latinske bokstavar (abc). Det får halde at språket i seg sjølv er heilt anna enn alt anna vi har lært tidlegare. Andre delen var muntlig. Der vi skulle føre en samtale to-og-to, om eit gitt tema, med 5 minutts forberedelsestid. Vi er spente på resultata, men kan seie som so at alle har holdt seg innafor strykegrensa.

Vi merka oss kor viktig det må være å bo i det landet, du skal lære språket til. Sjølv om oss ikkje er her av språklege grunnar, erfarar vi dette. Men etter snart 2 mnd med dårlig engelsk, og thai all over the place i tillegg til på skulen, blir enn påverka, og ikkje minst inspirert til å lære. Idag kan vi alle sammen å seie hei, takk, korleis har du det, ja, nei, forstår, forstår ikkje, sterkt, vil ha, vil ikkje ha, å litt farga. Vi klare å seie kva vi heiter, alderen vår, at vi er studentar og kvar vi studerar med meir. I tillegg har vi få problem om en taxisjåfør snakkar dårleg engelsk, då vi har etterkvart klare å guide taxisjåføren med høgre, venstre, kvar, stopp, kjør inn til sida og nokre til som vi som regel berre kjem på i farta. Cluet er å passe på tonefallet og la vær å seie R’en og berre seie L, då gjeng det som oftast greit.

Neste veke, blir ei hard veke. Då har vi heile 4 eksamena. Tirsdag (Public Relations), torsdag (Cultural Knowledge), fredag (Modern Presentation) og laurdag (Intercultural Studies). Alle, bortsett fra den vi har på laurdag, er ganske ulike frå det vi er vande med heime i Ålesund. Ingen av våre eksamena vare i meir enn 2 tima, og dei fleste er en kombinasjon av multiple choice (kryss av dei rette svara) og småessay/case eller reine mulitple-choice. Dette blir spennande å sjå korleis det blir. Laurdagseksamenen er av den vanlege essay-eksamenen som vi er vande med frå Ålesund.

I same faget som vi har eksamen i på laurdag, Intercultural Studies, var ei av leksene å fordjupe seg i ei bok skreven av Carmen Bin Ladin. Ho var tidlegare gift med ein av brødrene til Osama Bin Laden, og gir i boka si ”Inside the Kingdom: My Life in Saudi Arabia” ei skildring om korleis livet for kvinner i Saudi Arabia er. Professor i faget snakka om denne boka på ein veldig fengande måte, så i løpet av ettermiddagen hadde jentene på 1802 på Boss, anskaffa seg en kopi av boka, KVAR! Boka kan berre anbefalast til alle, og er ei rå, men fantastisk skildring av korleis livet som Saudi-kvinne er. Vi vart bergtatt.

Vi ber alle heime om å tenke på oss når vi ska til med eksamenane. Det blir veldig spennande å sjå kva dei forventar av oss.

Håpe alt står bra til heime (vi veit om véret, men bortsett fra det), og at bloggen lev opp til forventningane! Om dokke føle at det er noke som manglar, eller om der er noke dokke vil vite meir om, så berre skriv kommentara:) Kjekt å vite at dokke lika det dokke les, når vi brukar så mange timar på bloggskriving som vi gjer. Denne har snart tatt 3 timar, berre så det er sagt.

Vi savna alle heime, men vi he d heilt fantastisk her!

Stor klem fra Maria, Karoline og Merete

mandag 8. september 2008

Kvardagsliv

Halloen, der oppe i det som begynner å bli det kalde Nord (hehe)! Her er det fortsatt godt, varmt og fuktig. Vi vil begynne dinne bloggen med noken annonseringa:

1. Angåande opptøyene har vi fått en del bekymringsmeldinga heimafra. Til alle dokke som har vore urolig, alt har gått veldig bra. Hadde det ikkje vøre for meldingane heimafra og media hadde vi ikkje visst noko om opptøyene i det heile tatt. Demonstrantane held til i veldig gitte områder, som ligg ganske langt i fra Klong Toey, der vi held til. Men likevel – kjekt å vite at dokke tenke på oss.

2. I dag fekk vi oppgitt eksamensdatoane. Desse er følgande:
- Public Relations – lørdag 20. desember
- Cultural Knowledge – mandag 22. desember
- Modern Presentation – onsdag 24. desember
- Intercultural Studies – torsdag 25. desember
Så ja – vi skal ha eksamen julaften og første juledag, og ja – vi går ei merkelig juletid i møte. Men litt forandring har aldri skada noken, så dette skal vi klare. Har hørt rykter om juleribbe i Sjømannskirka.

Lat oss sete kjedelige ting som eksamen og opptøyer til side. Kva har vi dreve med dei siste to vekene? Jo, lørdag 30. august vart vi invitert med på bursdagsfeiring til en club-eiger på Sukhumvit Road, nabogata til Rama IV der vi bor. Vi vart invitert av en medstudent fra Monaco, som hadde fått ein god tone med eigeren ved ei tidligere anledning. Cluben heiter Santika og var forholdsvis nyåpna. Med det same vi kom, bar det avgårde til VIP-loungen der det i tillegg var Model Night. Gjett om vi følte oss shubby og små! Men men, kjekt hadde vi det i alle fall.

Dei siste vekene er det en mani som har slått til på rom 1802 på Boss Tower. Spesielt Maria og Merete har fått totalt dilla på Harry Potter bøkene. Bok nr 3, The Prisoner of Azkaban, er allerede påbegynt. (Nei, det går ikkje utover skulelitteraturen!). I tillegg til bøkene har vi anskaffa oss dei første 5 filmane på DVD. En anna grunn, ved siden av lesemanien, til at vi kjøpte filmane, var fordi vi berre betalte 500 baht (under 100 NOK) for alle 5 Potter-filmane i tillegg til Hancock, med Will Smith i hovedrolla. Billig, billig, billig.

En anna ting som har blitt ein del av kvardagen vår er Bangkok Transporting System, eller Skytrain som det også heiter. Og namnet er akkurat som det høyres ut; over trafikken og alt folket går toget på bane, til mange plassa rundt om i Bangkok. Vi har nemlig funne ut at taxiturane kan fort ta lengre tid enn forventa, då trafikken ved gitte tidsrom i Bangkok kan sammenlignast med ei einaste stor trafikkork. Månedskort for ca 400 baht har vi no anskaffa og reise dermed lett og smidig rundt om i Bangkok. Systemet er ikkje ferdig utbygd enda, men tek vertfall oss dit vi vil.

Omsider fekk vi også anskaffa oss student ID, eller studentkort. Det skulle vise seg at grensa for kor streng enn kunne være, fremdeles ikkje var nådd. Når vi satt oss ned for å bli tatt bilde av vart vi fint bedt om å ta av oss øreringane og halskjede. Sjølv perleøredobbane til Merete måtte av. Dersom håret var laust, sa dei klart i fra at vi måtte legge det bak skuldrane, og ikkje nok med det – om vi hadde en aldri så liten vinkel på ansikte måtte bilde takast på nytt. Ska det vere så skal det vere! Men studentkort må enn ha for bl.a. å få adgang til bibliotek, datalab og for i det heile tatt å få ta eksamen.

På Boss trives vi fremdeles like mykje. Dess lengre dagane blir på skulen, og dess lengre turane vekk i fra leiligheta blir, innser vi kor fole greit det er å ha hushjelp. 3 gangar i veka kjem dei kvinnesterke inn døra, gjerne 4-5 stykker, for å skifte sengekle, bytte handuka, vaske golv og tørke støv. Veldig OK, men en ting vi forhåpentligvis ikkje bli for vande til, då det er berre 4 månedar til vi kjem tilbake til Norge. Vi har også hatt en ny og ENDA BETRE kinoopplevelse her nede. Torsdag 28. oktober hadde Mamma Mia premiere i Thailand, og Maria, Karoline, Lisa og Merete måtte sjå (dette var 2. gang for Lisa og Merete! Stola som ikkje kunna mint meir på stresslessa, å en lydkvalitet uten sidestykke ga en musicalopplevelse utenom alt anna! Vi digga Bangkok!

Til tross for at vi gjer på litt dei samme tinga her nede som shopping og kinogåing, er det ingen ende på nye ting å gjere i Bangkok. Det nye vi har prøvd no, er discobowling. Etter to runda, med meir eller mindre bra bowling, kunne vi konkludere med at dette måtte gjerast igjen. Vi har også besøkt et nytt område i byen, nemlig Silom. Grunnen til at vi reiste dit var for å sjekke ut veske/handbag tilbudet på Silom Village. Med tips fra mora til ei vennninde av vår svenske venninde, Lisa, som er flyvertinne skulle vi på veskeshopping. Etter at vi hadde vist stor interesse for veskene ovanfor betjeninga, spurte dei oss om vi var så interessert at vi ville sjå meir? Ja, klart vi ville det, sa vi og dermed fekk vi sjå showroomet til en av butikkane. På veldig off-record-vis spankulerte vi noken få meter bak ei av betjeninga til en anna butikk, med neddratte persienne, opp ei trapp og inn på ei diger ”sjappe” med enda meir veske. Vi snakkar Balenciaga, Chloé, Miu Miu, og Mulberry (veldig bra fake). Etter store diskusjona og pruting på høgt nivå gjekk vi der i frå med x antall vesker. Nok om dét!

I dét Mid Term eksamenane nærma seg, merka vi oss at intensiteten på skulen begynn og tek seg opp. I dag hadde vi vår første presentasjon. Temaet for presentasjonen var enkelt nok – Self Introduction – og det kan nemnast at fleire familiemedlemmar og venner vart vist fram under presentasjonane våre. Dette var veldig spennande, men også veldig kjekt. Denne presentasjonen tell 5 poeng av i alt 100 som er mulig å få i faget. Vi har en gefühl på at det gjekk ganske bra, for da Ajaan Pennepar (ajaan = lærer uten doktorgrad) passerte oss i gangen etterpå sa ho, med eit lurt smil om munnen ”Well done, ladies”. Dette var vi glade for å høyre, og kan vel ikkje tolkast som anna enn positivt?!

Kurset vårt, Thai Language for Foreigners, tok ei ny vending på søndag. Då var det klart for klassa sin første av to Field Trips. Kl 0830 reiste vi fra BUIC, med ganske liten anelse om kva dagen faktisk kom til å innehalde.


Etter en time på bussen med gardiner og interiør som minte oss veldig på noko vi hadde sett før (les: gardinene), på romme vårt på Boss, nådde vi plassen Tambon Salaya. Derifra skulle vi ta båtar på elva Klong (elv) Mahasawat videre til dei forskjellige destinasjonane på utflukta.

Første stopp var på en vannlilje farm. Her lærte vi litt fakta om vannlilja. Når det er lavsesong i Thailand, kosta ei vannliljeblomst utrulige 0,5 baht! Det tilsvarer 0, 083 NOK! Her lærte vi også og brette liljene, og måtte få brettinga godkjent, som et av oppdraga i løpet av dagen. Så bar det avgårde på elvebåten igjen. Neste stopp var noko som kan sammenlignast med et bakeri. Men det var ikkje vanlig bakst dei hadde der. Her hadde dei riskaker. Og mest sannsynlig dei beste riskakene vi har smakt. Dagens største bom var å ikkje kjøpe med seg nokre av desse kakene, som vi fann ut i ettertid var mulig.

Meir blomster stod på agendaen, for lengre nede i klongen venta en orkideé plantasje på oss. Orkideé på orkideé i mange forme og fargar venta på oss. Veldig fint å få sjå. Nest på agendaen sto besøket til fruktplantasjen i området Her fekk vi smake fleire frukter vi ikkje har smakt før, og veldig mykje av det var veldig godt. På fruktplantasjen var vi også på en slags sightseeing. Den foregjekk i den mest fantastiske traktorkonstruksjonen vi noken gang har lagt vårt åsyn på. Den var ikkje stor, men var konstruert på ein veldig uvanlig måte i forhold til vestlig standard. En medstudent kommenterte at ”That is no tractor! That’s a freakin spaceship!” til stor latter blant thaiane. Nærmere berg-og-dalbane har vi ikkje vore i Thailand.

Med halve dagen undagjort var det på tide med lunsj. Vi gjekk med godt mot til dette måltidet, då vi etterkvart får få overraskelsa når det kjem til thaimat lenger. Enn så lenge... Tofu, grilla blekksprut, fritert malle og egg som vi ikkje trute å tenke på kor kom i fra sto på menyen. Heldigvis var der også omelett med tomatsaus, grønnsaker og ris, så vi overlevde med et nødsskrik. Men sant skal seiast – vi smakte på det aller meste.

Etter lunsj var det klart for Maria, Karoline og Merete sin første palassvisitt i Thailand. Dette skulle bli spennande, tenkte vi. På sett og vis var det OK, men som nordmenn som nesten til daglig omgås med fleire hundre år gamle huskonstruksjona, vart ikkje særlig imponert over det 101 år gamle palasset vi besøkte. Ikkje nok med det – dette palasset var bygd i vestelig stil, og kunne likesågodt vør en tysk villa. Men likevel, det var kjekt å få sagt at vi har besøkt vårt første palass her nede, og vi lovar at det bli fleire. Vi hadde heller aldri tidligare i Thailand vore på et religiøst område. Siste post på dagens program var beskuing av Wat Phra Pathom som er største buddist pagoda i Thailand. Forran pagoda sto ei 4-5 meter høg statue av Buddah i gull. Imponerande.

Når klokka var 1830 var vi omsider heime på Boss, og som vanlig – stuptrøtte. Men Maria hadde bestemt seg, til tross for 10 timar på utflukt, at ho skulle på nye eventyr – ho skulle til frisøren. Resultatet vart veldig bra, og prisen på det heile er til å juble av. 1500 baht (ca 250
NOK) for profesjonelt utført hårklipp og striper klagar vi ikkje på.

Frisør eller ikkje – trøtte var vi, så sjølv om bloggen var planlagt til i går, burde 10 timar med utflukt halde som unnskyldning.

Håpe dokke får en liten anelse om korsen oss he det her nede gjennom teksten og bilda. Vi prøva så godt vi kan i alle fallJ

Tusen takk, igjen, for alle kommentara! Små som store e høgt verdsatt!

STOR klem fra Thailand!