søndag 21. september 2008

Kultur og tuk-tuk-tur

Enda 2 veke har no rasa forbi, i Thailand og Bangkok. Tida FLYG! I skrivande stund he vi besøk av Lisa, fra Sverige. Ho, Karoline og Maria sitt og ser gudane veit ka eigentleg, på TV. En ganske normal søndagskveld heime på Boss.

Noke vi glømde å fortelle om i forrige blogg var, tru det eller ei, eit kjempemarked. Grunnen til at det ikkje vart nemnd, kan berre forklarast med at det faktisk ikkje gjor særlig inntrykk. For all del – om du er interessert i å shoppe for så lite som overhode mulig, har god tålmodigheit og ikkje har klaustrofobi då er helgemarkedet Chatu Chak plassen for deg. Men Chatu Chak vart rett og slett for stort, uoversiktlig og travelt.

Som i nesten alle andre blogginnlegg, må vi også i dette nemne maten og matvanane våre. På Carrefour 5 min unda handlar vi dagligvare ein gang i veka. Då handla vi for heile veka og endar som oftast på en totalsum på ca. 3000 baht, eller altså 500 NOK. I denne summen inngår brød, fleire typar pålegg (skinke, servelat, majones, jordbærsylte, ost), do- og tørkepapir, bollar, brus, knekkebrød, ymse alkohol, 12 x 1,5 liter vatn, juice (eple og appelsin), litt snop og snacks, hårklemme, ymse hygieneartiklar, paprika, agurk, vitamina, yoghurt, Mamma Mia Soundtrack (oppe til høgre på bildet i slutten på bloggen). Ikkje gale prisen med tanke på at vi er tre damer i husstanden!

Som vanleg har vi også hatt noken førstegongera desse vekene. No sto Chinatown for tur. Vi bestemte oss for å reise forholdsvis seint på ettermiddagen. Her viste det seg at vi gjorde en bommert. Nesten alt i Chinaotown var stengt då vi ankom. Gateselgarane var fortsatt ute, men dei er overalt i Bangkok så det vart ikkje så veldig spennande – heilt til vi bestemte oss for å ta tuk-tuk til Kao San. Nok en førstegonger! Karoline, Lisa, Maria og Merete krøpla seg i hop i en tuk-tuk, og avgårde gjekk det. Det skal seiast at tuk-tuk kan virke litt på kanten ta forsvarligheit, men det gjekk heilt fint, og det var kjempebillig. Det var ikkje siste gangen vi skulle ta tuk-tuk i Thailand!

Etter over en måned i Thailand, var det vel på tide og for alvor sjekke ut noken av tempela her. Vi bestemte oss for å ta det største først – nemlig Grand Palace. Denne dagen gjekk det for alvor opp for oss at ikkje alle i smilets land er like kjekke. Då vi gjekk av subwayen (også en førstegang, skal fortelle seinere), sto tuk-tukane i kø for å kjøre på oss. Spesielt ein av dei fekk oppmerksomheita vår, då han virka veldig ivrig då vi drog fram kartet vårt. Han peika og veiva med hendene, og ville virkelig kjøre oss. Men då vi sa at vi skulle til Grand Palace, lurte han på kva i alle dager vi ville der, det var jo stengd. Hmm, tenkte vi og satte mastermindane våre i hop. Tuk-tuk sjåføren virka veldig kjent i byen, og peikte ut fleire tempel og ”thai fashion stores” han kunne ta oss til, for berre 60 baht (10 NOK) så skit au – vi vart med. Første stopp var vi litt uheldige med. Mesteparten av tempelet, Angel’s Temple, var under renovering, men oss fekk no sett litt. Neste stopp skulle vi få være med på en ekslusive Thai Fashion butikk som berre var åpen i ei veke, en gong i året. Då vi kom til plassen var det lite fashion, men masse thaia som møtte oss. Konspirasjonen tuk-tuk-banden og sjappa gjor seg gjeldande. Vi masjerte ut i fra sjappa etter knappe minuttet innandørs, utatt i tuk-tuken og ”Next temple, please?”. Tempelet vi skulle til no var Marble Temple. Her var vi meir heldige. Tempelet var kjempefint. Men igjen var det nokon som skulle motarbeide oss. Denne gongen var det vérgudane. Skyene som etterkvart gav et kraftig regnskyll, gjer seg gjeldande i bildet.

Det vart med desse to tempela denne dagen, så bar det tilbake til subway stasjonen Hua Lamphong. Å ta subway vart en litt merkelig opplevelse, eigentlig. Vi hadde forestilt oss tendensa slik som Skytrain, men der tok vi feil. På stasjonen nærmast Boss, Khlong Toei, som vi reiste fra, var det nesten folketomt. Nesten litt creepy. Vi tenkte kanskje vi hadde bomma skikkelig med rutene, men nei. Vel inne på toget var det vi, og maks 10 andre som var ombord i heile toget. Men subwayen var ein positiv opplevelse, og kosta ca like mykje som Skytrain. Var nok ikkje siste gang vi tok subway, heller.

Etterkvart som vi har entra september, har regntida gjort seg meir gjeldande. Dei siste vekene har det stort sett regna kvar dag, men det er dermed ikkje sagt at det regnar heile dagane. Det er som oftast litt utpå ettermiddagen at regnskyllene kjem. Og då kjem dei skikkelig! Det er ikkje alltid like gale som bildet viser, men ikkje langt i frå. Vi har på ein måte litt haust vi med. Men når oktober kjem blir det sagt at det blir mildere, tørrere og meir sol. JIPPI!

Det kan seiast at oss merka at véret heime ikkje er heilt på topp. Vi møter stadig oftere på fleire nordmenn. Siste gangen var på Skytrain på veg til Siam. Skytrainet stoppa på en stasjon, og vi merka oss (som alltid) når det kjem vestlege ombord. Dei kom nærmere oss, og sette seg rett ved sidan av. Etter ei lita stund begynnte dei vestlege og konversere seg i mellom, og vi vart veldig obs på språket ”Dei e norsk!!” sa vi i munnen på kvarandre. Og dermed var samtalen i gang. Kjekt å snakke skikkelig norsk, og ikkje norsk-svensk, igjen.


Ei veke etter den forvirrande tuk-tuk-tempel-turen, bestemde vi oss for å gjere eit nytt forsøk på Grand Palace. Kl 09:00 laurdagsmorgon reiste vi fra Boss, klare for ’some serious sightseeing’. Denne gangen tok vi taxi, og den tok vi heilt til muren til palasset. Men med det samme vi steik ut av taxien kom nok ein ivrig tuk-tuk-sjåfør/guide. Vi bevegde oss sakte mot palassinngangen, men sjåfør/guiden fulgte etter. ”Where you go?” lurte han på, og vi forklarte stolt at vi skulle sjå Grand Palace. ”Is closed. Is holy buddah day at 12:00 pm, so no entry”. Som dokke veit så skyr brent barn ilden, og lurte ”turista” skyr lureguida. Vi masjerte til inngangen til palasset, saman med mange andre. Palasset var ikkje stengd, hadde ikkje vore stengt noken dag og stengde ikkje før 16:30, kvar ettermiddag. Rett og slett frekt, både mot sitt eige fedreland og oss!

Endelig var vi inne i Grand Palace, som er Bangkok sitt svar på Versailles i Frankrike. Tempela og palassa vi hadde besøkt tidlegare vart barnemat i forhold til Grand Palace. Utan tvil en annerledes opplevelse. Meir gull, bling og glitter skal du leite lenge etter.

En anna førsteganger dei siste vekene er at vi har vore på meksikansk restaurant. Vi veit at veldig mange heime er veldig glad i taco, nachos og lignande, så prøv å forestill dokke nesten 2 måneda UTEN! Vi konkluderte med at dette var en av dei beste matopplevelsane vi har hatt her nede.

Noke vi ikkje har nemnd til no? Hmm.. Åja, hehe. Vi har sjølvsagt gjort noke på skulen, i tillegg til all den andre moroa. Vi har til og med hatt vår første midterm-exam! Og første eksamen var i Thai! Den foregjekk i to delar. Første delen kan samenlignast med ei lytteprøve, der vi skulle svare på spørsmål angåande det som foregjekk på lydopptaket. I første delen skulle vi også kombinere glose, fra thai til engelsk. Berre slik at det er heilt klinkande klart for dokke heime: Nei, vi lærer ikkje å skrive thai på thai (tegn), men thai med latinske bokstavar (abc). Det får halde at språket i seg sjølv er heilt anna enn alt anna vi har lært tidlegare. Andre delen var muntlig. Der vi skulle føre en samtale to-og-to, om eit gitt tema, med 5 minutts forberedelsestid. Vi er spente på resultata, men kan seie som so at alle har holdt seg innafor strykegrensa.

Vi merka oss kor viktig det må være å bo i det landet, du skal lære språket til. Sjølv om oss ikkje er her av språklege grunnar, erfarar vi dette. Men etter snart 2 mnd med dårlig engelsk, og thai all over the place i tillegg til på skulen, blir enn påverka, og ikkje minst inspirert til å lære. Idag kan vi alle sammen å seie hei, takk, korleis har du det, ja, nei, forstår, forstår ikkje, sterkt, vil ha, vil ikkje ha, å litt farga. Vi klare å seie kva vi heiter, alderen vår, at vi er studentar og kvar vi studerar med meir. I tillegg har vi få problem om en taxisjåfør snakkar dårleg engelsk, då vi har etterkvart klare å guide taxisjåføren med høgre, venstre, kvar, stopp, kjør inn til sida og nokre til som vi som regel berre kjem på i farta. Cluet er å passe på tonefallet og la vær å seie R’en og berre seie L, då gjeng det som oftast greit.

Neste veke, blir ei hard veke. Då har vi heile 4 eksamena. Tirsdag (Public Relations), torsdag (Cultural Knowledge), fredag (Modern Presentation) og laurdag (Intercultural Studies). Alle, bortsett fra den vi har på laurdag, er ganske ulike frå det vi er vande med heime i Ålesund. Ingen av våre eksamena vare i meir enn 2 tima, og dei fleste er en kombinasjon av multiple choice (kryss av dei rette svara) og småessay/case eller reine mulitple-choice. Dette blir spennande å sjå korleis det blir. Laurdagseksamenen er av den vanlege essay-eksamenen som vi er vande med frå Ålesund.

I same faget som vi har eksamen i på laurdag, Intercultural Studies, var ei av leksene å fordjupe seg i ei bok skreven av Carmen Bin Ladin. Ho var tidlegare gift med ein av brødrene til Osama Bin Laden, og gir i boka si ”Inside the Kingdom: My Life in Saudi Arabia” ei skildring om korleis livet for kvinner i Saudi Arabia er. Professor i faget snakka om denne boka på ein veldig fengande måte, så i løpet av ettermiddagen hadde jentene på 1802 på Boss, anskaffa seg en kopi av boka, KVAR! Boka kan berre anbefalast til alle, og er ei rå, men fantastisk skildring av korleis livet som Saudi-kvinne er. Vi vart bergtatt.

Vi ber alle heime om å tenke på oss når vi ska til med eksamenane. Det blir veldig spennande å sjå kva dei forventar av oss.

Håpe alt står bra til heime (vi veit om véret, men bortsett fra det), og at bloggen lev opp til forventningane! Om dokke føle at det er noke som manglar, eller om der er noke dokke vil vite meir om, så berre skriv kommentara:) Kjekt å vite at dokke lika det dokke les, når vi brukar så mange timar på bloggskriving som vi gjer. Denne har snart tatt 3 timar, berre så det er sagt.

Vi savna alle heime, men vi he d heilt fantastisk her!

Stor klem fra Maria, Karoline og Merete

5 kommentarer:

Anita sa...

Hei
Vanskelig å skrive om noke mangler, det er bra som det er. Får lese om kvardagen dokka, om kva som opptek dokke og om korleis dokke har det,og ikkje minst sjå på bilde. Her heime har vi en kjempehaust, berre slik at det er sagt:)Fjellturer rett som det er. Var på Slogen i dag faktisk.
Beate har flytta inn hos meg for tida. Ho skal til på praksis i Sykkylven og Dag er i Ørsta for å ta lappen til lastebil m/henger. Derfor koser eg meg ekstra mykje akkurat no:)Vi hadde tenkt oss på kino i morga ,Sex in the City , ilag med Monica. Men fekk beskjed i kveld at den går visst ikkje likevel. Vi er glad i deg, Merete. Kos deg videre , og forsett som dokke gjer med oppdatering av bloggen. ARTIG !

Anonym sa...

Heei Karoline
alti like kjekt å sjå i bloggen når de e komt nåkke nytt, veldi kjekt å sjå ka dokke he gjort på å ikkje minst å sjå på bilde :D
Å no e de forresten bere 5 daga til me kjøme ned !
klem frå Andreaa :))

Anonym sa...

merka at reisefeberen og reiselysta stig i takt med antall blogga dokke publisera her!

soo, fortsett med det! :p

kos dokke massemasse og lykke til på eksamenane!

Anita sa...

Hei igjen
Meinte å ønske dokke lykke til med alle eksamena, selfølgelig. Og skal helse masse frå mormor. Skriv ut bloggane til henne også.
Klem frå mamsen og Beate

Anonym sa...

Hei Merete!

Kjempekjekt å lese korleis du har det i Thailand. Bli heilt reisesjuk av å lese alt dokke oppleve B-) Men det får vente til neste sommarferie for vår del...


Skal helse frå Amalie, Jonas og Jon Tommy også.

Mange klemma frå Monica