fredag 7. november 2008

"backpacker" besøk! :)



Hei igjen..

idag e lykkedagen dokka, fleire blogg innlegg på same dag.. :D

Tenkte vi måtte fortelle om Ørsta besøket vi he hatt her nede, når Maria og Karoline kom heim frå ferieturen sin onsdag 22.okt visste dei at det

kom nokre reiseglade ”backpackera” frå Ørsta nedover til Thailand og Bangkok på fredagen, kva er vel kjekkare enn å treffe kjentfolk. :)

Hans Andre Sørvik og Siv Myklebusthadde lagt ut på reisefot dagen før, og hadde første stopp hos oss, det va vi to veldi glade for.


Møtte dei torsdagen for å oppleve VIP kino, nåke som var ein fantastisk opplevelse (trass dårleg film). Fredagen tok vi litt meir på sparket, enda opp på ein italiensk restaurant der vi kosa oss me det nydelege lokale Singha ølet ;) Fekk prata litt om ting og tang i Ørsta, nyhender og andre interesante saker som baksida på mørenytt. Fekk faktisk overrekt nyaste utgave av mørenytt OG se&hør. Etter nokre Singhas måtte folket ha nattmat, kor ellers enda vi opp enn på McDonalds.


Etter maten skiltest der og takka for besøket. Vi storkosa oss! Ønska Hans og Siv go tur vidare på ”backpacker” turen sin. Grunnen til vi skriv ordet backpacker i klemme sjønar dokke om dokke tek turen innom bloggen deira for å sjå korleis dei reiser. Bor kun på 5 stjerners

hotel. Hehe!

Bloggen deira: www.hansogsiv.blogspot.com

Klem frå

-maria- og karoline

1 kommentar:

Malin sa...

Ka det e Karoline? :-)
Mykje sjokkerande i Møre-Nytt?