
Då var den store dagen komen, og kvardagen i gang! Fredag sto vi opp tidlig, og med lite søvn og sommerfugla i magen tusla vi oss nervøse avgårde til første skuledag. Vi hadde fått beskjed med Pennepar Kanthawongs, studieveilederen på skulen, at vi skulle møte 08:45, og skulle da ha god tid til å skaffe uniformer osv og være klar til orienteringsmøte kl 09:00. Smarte som vi var, tenkte vi hakke lenger - i Bangkok har ting en tendens til å litt lengre tid enn planlagt (språksperrer m.m.). Så vi var på skulen 08:20. Sirkuset var i gang! Trur dokke vi kom for seint? JA! Å skaffe tilveie skjorte, belte, pins og knappar i tillegg til å gjere alt klar til bruk og få det på seg tok MYKJE lengre tid enn planlagt. Men kl 09:10 ankom 3 svette, forkavne jenter ett fullstappa auditorium. Heldigvis var vi ikkje dei siste.


Den blidaste thaien vi har møtt hittil, var den som leda møte an. Thaien, som vi ikkje huska navne på, hadde likhetstrekk med en smurf. Liten, søt, ivrig og kjempeblid. Han og Pennepar (som viste seg å være ei dame) fortalte forholdsvis kort om reglement, skikk og bruk på skulen. Noko vi merka oss då vi satt i salen var kor deilig det var å høre folk snakke skikkelig engelsk. Vi var definitivt komt til en amerikansk, internasjonal skule. Fleire i lærerstaben er amerikanarar, inkl. vise presidenten som er en kjempetrivelig eldre mann, noko som det latar til at resten av staben også er.

På møte fekk vi vite at skulen, både campen vår (BUIC) og Rangsit Campus (nasjonalt universitet), har et totalt studentantall på ca 28.000. På BUIC-campen er der omlag 300 internasjonale studentar, fra ca 20 land. I kullet vårt var antallet internasjonale ca 80. I denne gjengen fann vi amerikanerar, tyskera, østerrikera, hollendera, svenska, finna, bengalera, japanesera, kinesera, mexicanara, brita, indonesera, philipinera, taiwanera, koreera, indera, franskmenn, og folk fra Monaco. Desse skulle vi bli meir kjent med neste dag, lørdag. Då skulle heile bønsjen på tur til den andre Campen.

Etter orienteringsmøte og lunsj tenkte vi utifra dagens agenda, at no var dagen over. Vi satt oss derfor tilrette ved en av skulen sine cafeteriar og skulle fylle ut nokre skjema. Men det tok ikkje lange tida før en forvirra fadder stoppa opp utafor vinduet der vi satt. "Oh, there you are! You have to get registered!" Vi tre ser på kvarandre som spørsmålstegn og skjønte ikkje bæra. Men pliktoppfyllande som vi er fulge vi etter fadderen. Då vi kom opp på registreringsrommet i 4. etasje var resten av gjengen samla, og vi i kjent stil - 10 minutt forseine!

Inne på registreringsrommet skulle vi fylle ut kva fag vi ønskte og ta, og kva dag vi ville ha dei på. Vi diskuterte litt fram og tilbake med både oss sjølve og lærerane, om at vi allerede var registrerte, då vi hadde fyllt ut haugevis med skjema på Høgskulen i Ålesund. Men det viste seg at jobben ikkje var gjort, vi måtte registrere oss og våre fagønske. Papirarbeidet som fulgte har vi aldri vore bort i tidligare. Når vi trudde vi var ferdig med utfyllinga, kom det stadig fleire ark. Men arbeidet resulterte i at time planen vår ser slik ut:
Mandag: 11:20 - 13:40 Modern Presentation Techniques
Tirsdag: 11:20 - 13:50 Intercultural Studies
Onsdag: 08:40 - 11:10 Thai for Foreigners, 14:00 - 16:30 Public Relations Management 16:40 - 17:50 Cultural Knowledge and Negotiation
Torsdag: FRI
Fredag: FRI
Lørdag: FRI
Søndag: FRI!! :D :D :D :D :D :D
Fleire av desse langhelgene kjem vi til å bruke til å oppleve og reise rundt i Thailand, noko som alle lærerane oppfordra sterkt til.

Lørdagsmorgon var det klart for tur til Rangsit Campus, thaidelen av Bangkok University. Allerede på bussturen begynte vi så smått å komme i kontakt med folk. På Rangsit Campusen vart vi først tatt med på ei lita omvisning. Universitete ligg i ei heilt fantastisk, idyllisk atmosfære. Nært knytta til naturen og thai kultur. Her vart også vårt første møte med gras og skikkelige tre sidan vi ankom Bangkok. Som dokke kan sjå på bilde brukar vi også ei form for uniform når vi er utafor campus, i skule sammenheng. Desse hadde vi på til Rangsit.
Etter omvisninga var det lunsjtid, og nok et møte med thai-maten. Men til ei forandring vart trenden snudd denne gangen. Vi likte det meste av maten, og vi kunne faktisk sei at det var godt. Då vårt første vellykka møte med thai-mat var over, bar det ut på nye eventyr.

Dei tradisjonelle bli-kjent-leikane sto for dør. Heile gjengen vart tatt med ut på ei digert uteområde der vi skulle danne en stor ring. Her var smurfen sjef igjen - han skulle lære oss å telle på thai. Fra 1 til 6. Det vart noke som ditte: nung, sai, saam, si, ha, hoq (har ikkje lært å skrive det enda). Denne telleleiken vart til slutt brukt til å splitte oss. Så på 1-2-3 var Maria, Karoline og Merete splitta og forlatt til seg sjøl! Men dette kan ikkje seiast å vær noko anna enn kjempepositivt. Vi hadde det heilt fantastisk kjekt alle tre, og vart kjent med ulike folk på kvar vår kant. Etter 6 rundar med bli-kjent-leika, var dagen ferdig og nye bekjentskap stifta, og turen gjekk heim til Boss Tower.

Det viser seg etterkvart at veldig mange av våre medstudenter bor her også, så i går kveld bar det vidare ut på byen med mange av våre nye bekjentskapar. Uteplassområdet RCA vart omsider kveldens mål. Noko som vart en ny opplevelse for oss alle. For det første stimla plassen i halvdrita thaifolk, som har heilt andre danseplassvanar enn heime i Norge. Då vi hadde tenkt oss ut på dansegolve fann vi det aldri. Det viste seg at i Thailand er "dansegolvet" fullt med en halvmeterhøge bord, og desse er plassert på annakvar kvadratmeter. Ikkje berre var desse borda fulle i drikkevarer, men det halvdrita thaifolke sto å småhoppa rundt dei. Noko som gjorde det vanskelig for oss "store" nordmenn å ta oss en svingom.
På veg til å finne taxi når uteplassane stengde, såg vi til vår STORE overraskelse en elefant spankulerande, rett over gata. Kva den gjorde der og kor den skulle anar vi ikkje, men morsomt var det. Tilbake på Boss Tower avslutta vi kvelden med nokre slag UNO, attme amerikanera, østerrikera, tyskera, og en fra Monaco. Etter nokre rundar UNO og søvnige blikk, skjønte amerikaneren at vi mest sannsynlig hadde lyst å "hit the bed". Det hadde han heilt rett i. Så i halvsøvne takka vi for laget, å spankulerte oss over gangen tilbake til leiligheta.

I morga, mandag, er det tid for første skuletime med Modern Presentation Techniques! Vi er spent!
Tusen takk for alle kommentara!
Stor klem fra oss:)
5 kommentarer:
HEI MERETE,
Det var kjempekjekt å lese om skulestarten. Timeplanen må seiast å vere overkommeleg!!!! Bra at dokke får tid til å sjå dokke rundt i området, og ikkje berre sitje med nasa i ei bok. Kjekt at dokke allereie har blitt kjent med andre medstudentar. Dokke var forresten lekre i uniformar. Kanskje høgskulen i Ålesund burde innføre bruk av uniform:)
Vi gler oss allereie til neste oppdatering av bloggen!
Stor klem frå pappa og Kari Anne
hellooo maria!!
kor kjekt dokke he de dååå..de ser no litt spennande ut ja skal innrmømme de tvert;) e de litt klamt kanskje? de e vel kanskje noke som e litt irriterande?
hehe...men de e no godt å vere der, veit no de:)
kos dokke vidare!! å legg ut bilde i fleng, de e so kjekt atte:)
guro b:)
Hallo jenter!
Før nokre hotte lekkerbiska dåkke va i skuleuniform- må ver hærlig å sleppe å gruble på ka en ska ha på sej kvar dag. ... Eller kvar dag... dåkke he jo tross alt berre skule tre daga i veka kan d sjå ut til! der ej skulle vør- på ei chill tilvenning tilbake til skulebenken :P Dåkke e kjempeflinke til å legge ut bilder og å skrive lange og detaljerte blogga. Fole arti for oss hine å kike på, så keep up the good work!:)
Ej begynne for alvor å bli spent på MIN første skuledag, som e neste mandag. Reise oppover med flyttelass på fredag. Fram til då skal ej rekke alt ej ikkje he fått gjort så langt i sommar... (haha) PES! ;)
Ha d kjekt vidare! Pass på kvarandre og NYT både skuletilværelsen og fritida.
Goklem frå Breite
PS
håpe ej klare å knekke koden under her- viss ikkje he ej skrive ei lang helsing forgjeves...
Heei karoline :D
ser no ut som dokke stoort kosa dokke der nede !:)
noo gleda ej mej til å komme ned å besøke dej ja !
gleeda mej til neste oppdatering i bloggen :)
so må dokke koose dokke vidare :D
stoor klem frå Andrea ;)
Skikkelig hot uniform:)Høres ut som dokke he fått en fin kombinasjon av skule å opplevelsa, de e bra:) Gleda me te neste innlegg.
Legg inn en kommentar