lørdag 2. august 2008

Forventninger vs. Førsteinntrykk

En gang rundt mars-februar i år, bestemte vi, Karoline, Maria og Merete, oss får at Thailand og Bangkok, skulle bli opphaldsplass det 5. semesteret vårt av bachlorgradane våre. Langt vekk, noke heilt anna, og ein stad få andre hadde studert ved tidlegare var det vi ønska oss. Skulen vi skal studere ved er Bangkok University International College, og er ein amerikansk internasjonal skule. Her skal vi spesielt bygge videre på internasjonale studier og kulturforståelse.

Kvar byen og landet låg, ca antall innbyggera, prisnivå og klima, var stort sett det vi visste før vi reiste. Antall innbyggera i Bangkok er ca 10 millioner, men varierer alt etter døgnets tider. Luftfuktigheita i byen ligg på nesten 60 % som er betydelig høgere enn heime i Norge. 1 NOK tilsvarar ca 6 thailandske baht.

Endelig var dagen, 1. august komen. 3 reiseklare jenter møttes på Gardemoen, med store forventingar og reisemagen sneik seg innpå. Til tross for forskinkelsar og heroisk spurting på flyplassen i Helsinki, havna vi i Bangkok 9 tima å 47 min seinere. Flyturen gjekk fint og vi hadde ei behagelig reise.

Da vi landa på Bangkok International Airport med bagasje og ryggsekk i havn, ante vi ikkje neste steg på reisa. Diskusjonen buss vs. drosje roa seg forholdsvis kjapt då vi omsider, fann taxikøa. Vi stilte oss i ei lita kø med uniformerte menn, for å få taxi, men en hyggelig uniformert mann kom smilande mot oss å forklarte at vi sto feil. Vi sto i køa der taxisjåførane fekk utdelt passasjera. Første bommert! Men vart fint geleida i den 20 meter lange passasjer køa. Etter kanskje 5 min i kø vart vi stua inn i en taxi og skulle no til vår nye heim dei neste månadane, Boss Tower (BT).

I løpet av turen til BT foregjekk det mykje rart oppi hauda våre. Kontrastane sto i kø for å møte oss! Det første var varmen, lukta og fuktigheita som slo mot oss da vi gjekk ut av flyplassen. Ingen av oss visste at thaifolket kjørte på hi sia ta vegen! Dess nærmare vi kom sentrum, dess meir forvirra vart vi. På eine sida ta gata kan det være marmorbelakte entréar og trapper til høgbygg og kjøpesenter som Carrefour og Tesco, mens på andre sida trehus uten særlig rennovering det siste hundreåret - også kalt rønner.

Vel framme på BT vart engelsken for alvor tatt i bruk. Men det resepsjonistane kunne var vel heller lite å skryte av. Etter mykje fram og tilbake og endelause repitisjonar, fekk vi betalt og utdelt nøkkel til leiligheta. Det første som møtte oss var vel eigentlig det nærmaste du kan komme et red light district. Et lys som skar seg gjennom marg og bein møtte augene våre. Men takk og lov - det var berre dei knallrosa gardinene som var dratt for. Dette ordna vi på FORT! Ellers er den 94 m2 i god stand.

Når vi hadde fått innstallert oss sann nogen lunde skulle vi ut på matjakt. Etter stanka fra frityrstekte froskelår og fiskeinnvoller steg etter steg, vart kvalma meir gjeldande enn matlysta - men mat må man ha! Gleda var derfor stor da eit McDonald's skilt viste sitt herlige åsyn rundt et gatehjørnet. Fremmad marsj! Der kjøpte vi 3 stk BigMac meny til den nette pris av 330 baht eller ca 45 norske kroner. JA! Det er billig her!

Ellers har vi vore å handla litt i dag og blitt litt kjent i nærområdet. Vi har også testa ut det herlige thailandske ølet Singha! nam nam! Har kosa oss i dag, men har vore slitne etter den lange reisa. Derfor har vi no tenkt å finne senga!












Dokke vil høre meir fra oss seinere!
ราตรีสวัสดิ์ - God natt:)
Klem fra 3 trøtte jenter - Maria, Karoline og Merete

6 kommentarer:

Anita sa...

Hei Merete!

Kjekt å sjå deg. Ser at du har det bra og komt deg vel til rette. Kjem til å tenke på deg kvar dag til eg treff deg igjen! Kos deg.

Klem fra mamsen

Anonym sa...

Hei Merete
Kjekt å lese at dokke har komt vel fram, og at reisa gjekk fint. Gler oss til å høyre meir frå dokke.
Helsing pappsen

eikås sa...

Hei Karoline:)

Det var godt å sjå att dokke e vel framme og funne framm til leiligheita.

Håper maten smaker( med fisk blir du frisk:D)...Macdonald :(

Håpe dokke finne dokke godt til rette, og brukar dagane til å bli kjendt i område;)

Klem frå oss her heime:)

Beate sa...

Hei Merete!
God å sjå de på bilda, ser ut som du he de bra. Håpe de forsett slik. Savna de masse, å gleda me allereie t du kjem heim.

Stor klem frå lillesysta di<3

urkkir sa...

Hei Maria!
Kjekt å lese bloggen dåkka frå turen.Å att alt gjekk fint.Må vere flinke å skrive i den,so vi heime kan gå inn å lese.Må få høyre om det gedigne shoppingsentere dåkke. Klem ifrå mams.

Anonym sa...

xtcupsq
No he tante sete å lese kva dokke opplever der nede. Ser ut som dokke he d utruleg bra. Ser også ut som at dokke kan shoppe dokke t millionærar.Husk at dokke skal få med dokke alt heimatt.Men d går no an å sende sjøvegen. Det gjorde Milla nokre gongar undervegs. Kos d MASSE ilag med dei andre og nyt alle dagar vidare.