torsdag 7. august 2008

Testkjøring - Bangkok!

Søndagsmorgen (les ettermiddag) kl 14:45 slo 3 utsøvne jenter opp auene på Boss Tower, Bangkok. Jet-laget var merkbart kan enn seie. Med halve dagen undagjort med søving, virka et (morgon)bad som en god idé. Det var nemlig sol, og særdeles herlig temperatur. Det neste vi hadde bestemt oss for var å utforske shoppingmulighetene i byen. MBK, som vi hadde lest var et shoppingsenter på 8 etasjer og ca 2000 større og mindre butikker, vart dagens mål. Då vi omsider fann ein taxi som visste kva vi meinte, bar det avgårde.

Det som møtte oss da vi nærma oss, var ut
afor vår fatteevne. Amfi Moa blir lilleputt i forhold! Ikkje nok med at der var MBK-senteret med sine
2000 butikkar - i samme område, Siam Square, 3 nye STORE kjøpesenter. Siam Discovery og Center Siam med vanlige butikkar som Nike, Mango, Crocs og the Body Shop, i tillegg til Siam Paragon med alle dei verdenskjente designermerka som Valentino, Hermés, Gucci og Dolce&Gabbana. Vi hadde funne shoppingmekka! På Paragon vart det mest kiking og drøyming, mens på dei to andre sentera fekk vi gjort vår del shopping på ei stund.

Dei siste dagane har turen stort sett gått til Siam Square, og vi har enda ikkje komt over alt som er der. Men vi har prøvd litt forskjellig. I toppetasjen på vertfall 2 av sentera fann vi kanskje dei beste kinoane vi noken gang har vore på. Topp lyd, bilde og ikkje minst sete. Nærmare Stressless har ingen av oss vore i kinosammenheng. Og når kinobilletten ligg på 15-20 NOK pr. pers, er det nok ikkje siste gangen vi var på kino i Bangkok.





Sentera florera i forskjellige spa og massasje-sjapper. Dette måtte vi teste ut. Så langt har vi prøvd bl.a. fotmassasje, noke som skulle vise seg å være heilt fantastisk! En time med knaing for 50 lettbetalte NOK. Etter den fantastiske behandlinga under fotmassasja, turte vi oss ut på ei thai-massasje. Dette skulle vise seg å utarte seg til noko som ligna meir på en 45 minutts brytekamp, enn massasje. Kan til nøds sammenlignast med en kiropraktortime. Gjekk der i frå meir støl, enn når oss kom.



I "kjelleren" på Siam Paragon har dei også eit akvarium - Siam Ocean World. Dette er det største akvariumet i Sør-Aust Asia. Her tilbragte vi ett par timar med Hallvard Hai, Ottar Oter og Pelle Pingvin. En kjempefin opplevelse.






Når det kjem til matproblemet som vi trudde vi hadde, har ting ordna seg en liten grand. Vi har gått for innkjøp av rundstykke, jordbærsylte, nutella, "ost", juice og masse yoghurt. Så frokosten har vi i alle fall i boks. Thai-mat eksperimentering har vi begitt oss ut på, men med heller dårlig resultat. Vi tok et jafs av den forferdelige nudle-kylling-paprika-altformassekrydder-retten, såg på kvarandre, skar ymse grimaser, la pengane på bordet og gjekk der i fra. Svoltne som vi var vart mr. McDonald's redningsmann - for andre gang:)



Etter både thai-mat testing og fotmassasje følte vi oss klar for å smake litt på utelivet i byen. Vi fann et bykart og fann til vår store forrundring - Hard Rock Café. Her åt vi middag, og kosa oss utover kvelden med live musikk og kjempehyggelig betjening. Kl 01:00 viste det seg at dei fleste uteplassane stenge, så etter ei vel utført night out bar tilbake til leiligheta.



I skrivande stund er det leggetid. For i morga blir en stor dag for oss her nede - nemlig FØRSTE SKULEDAG! Vi fekk en hyggelig og engelsktalande taxisjåfør til å vise oss vegen til skulen fra hotellet, og fekk sett skulen live for første gang. Førsteinntrykk: Bra! Dette blir spennande!


Vi kjem sjølvsagt til å komme tilbake med oppdateringa om korleis første skuledag har gått, korleis medstudenta, lærerar, skulen, systemet og alt er. Vi er garantert meir spent enn dokke heime!
Kjekt at dokke kommentera!:)
Stor klem fra 3 spente, første-skuledag-jenter!!

5 kommentarer:

Anonym sa...

No trur vi de skal ver enklare å kommentere.. skal berre teste ut :)

Karina sa...

Hei! Ser ut som om dokke he de fantastisk:) Håpe første skuledag gjekk bra. Lykke til vidare, e kjem sikkert te å følge me på bloggen dokka:)

Anita sa...

Hei Merete
Første skuledag er over. Håper inntrykket vart opp mot forventningane. Venter i spenning på oppfølging på bloggen. Oss er spente oss heime mæ, skjøna dokke:)
Klem mamsen

Anonym sa...

hei Maria:)
ser ut som om dokke har det heilt topp der borte!gler meg til å følge med på bloggen framover;)
irmg reise kristine, nikolas, kristian og ej til Sicilia-gler oss veldig til det!
nyt livet i bangkok!stor klem frå cathrin:)

Anonym sa...

Fort dokke å legg ut om første skuledagen da.. Ditte her e pining!! E ska vite alt!:)
(PS: anonym fordi e ha glømt passorde mitt:/)

Klem Beate